a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart
a

Meny

Velkommen til Reinheimen nasjonalpark

Reinheimen nasjonalpark ligg i det nest største inngrepsfrie området i Sør-Noreg, og villmark pregar dette varierte fjellområdet. Reinheimen ber namnet sitt med rette, for her er vi i villreinen sitt rike.

Kontakt oss

Nasjonalparkstyret for Reinheimen

Statsforvalteren i Innlandet
Postboks 987
2604 Lillehammer

E: sfinpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Foto: Kjell Stålevik

Foto: Kristine Sørlie

Foto: Andre Berli

Reinsdyr i landskap

Om nasjonalparken

Reinheimen nasjonalpark vart oppretta i 2006 og er den tredje største nasjonalparken i Noreg. Formålet med vernet er å ta vare på eit stort samanhengane villmarksprega fjellområde der villreinen har sine leveområde.
Området varierer frå ville tindar i nordvest til rolegare fjellvidder i sør-aust.

arrow-r

Råd om ferdsel

Med allemannsretten følgjer også ein plikt og saman kan vi ta vare på naturen! Her finn du gode råd og tips til korleis du kan få gode opplevingar samtidig som du ferdast sporlaust i fjellet. Opphald, ferdsel og hausting må skje på ein omsynsfull måte. Grunnregelen for alle som ferdast i naturen er at du ikkje set spor etter deg. Forlat naturen slik du gjerne vil finne den sjølv!

arrow-r
Foto: Kristine Sørlie
Billingen

Besøkssenter og innfallsportar

I Lesja, Rauma Skjåk og Lom har vi nokre tilrettelagde turstigar og ved stistart er det informasjon om verneområdet du går inn i. Desse stigane er lagt til område som toler besøk.

arrow-r

Villrein

Hovudformålet med vernet av Reinheimen nasjonalpark er å ta vare på leveområda til villreinstammen i området. Noreg er det einaste landet i Europa som har bestandar av den opphavelege ville europeiske fjellreinen, og med det har vi eit internasjonalt ansvar. I dag er villreinen ein truga art på grunn av arealinngrep, forstyrring frå menneskeleg ferdsel og aktivitet, i tillegg til sjukdommar og klimaendringar.

Det marginale livsgrunnlaget i fjellet krev at villreinen må flytte seg over store delar av leveområdet for å få nok mat. Den mest sårbare tida er vinterstid og i kalvingsperioden om våren.

arrow-r
Reinsflokk i solnedgang.
Ledegjerde, åpent fjellandskap.

Kulturhistorie

Reinheimen er særleg rik på kulturminne etter den gamle villreinfangsten. Folket i bygdene rundt Reinheimen har alltid vore nær knytt til fjellet, og i fjelldalane inn mot nasjonalparken finst framleis verdifulle setermiljø og kulturlandskap.

arrow-r
Portal-Norges-nasjonalparker

Kvar ligg Reinheimen nasjonalpark?

Nasjonalparken ligg i Fjord og Rauma kommunar i Møre og Romsdal fylke, og Lesja, Lom, Skjåk og Vågå kommunar i Innlandet fylke.

 

Portal-Norges-nasjonalparker

Korleis kome seg hit?

Kollektiv transport

I sør går hovudferdselsåra langs Rv15. Kjem du med tog frå Oslo til Otta går det buss nordover i Ottadalen. I nord går hovudferdselsåra langs E136 til Åndalsnes. Hit kan du reise kollektivt med tog langs den flotte Raumabanen.

Med bil

Har du bil, kan du køyre rundt heile Reinheimen og oppleve kontrastane i landskap og natur frå ulike innfallsportar rundt området.

 

Portal-Norges-nasjonalparker

Overnatting

Rundt Reinheimen er det mange overnattingsstader og fleire hotell.

Dei ulike destinasjonsselskapa har oversikt over mange av tilboda.

Skjåk, Lom, Vågå og Lesja:

Nasjonalparkriket
Visit Jotunheimen

Rauma og Fjord:

Sunnmøre/Ålesund
Nordvest/Fjord
Visit Nordvest
rauma.no

Informasjon

Innfallsportar og besøkssenter

Velkomen inn på naturen sine premissar

Fjellvandring: Villreinen er sårbar for menneskeleg aktivitet og ferdsel. Den mest sårbare tida er vinterstid og i kalvingsperioda om våren. Legg gjerne turen din til mindre sårbare område i denne tida. Møter du på villrein, hald god avstand, og trekk deg unna i motsett retning av villreinflokken.

Sykling er ikkje lovleg i Reinheimen.

Motorisert ferdsel er forbode i nasjonalparken, dette gjeld også el-sykkel.

Drone: All bruk er forbode i nasjonalparken.

Telting: Du kan du slå opp telt kvar du vil så lenge du er meir enn 150 meter frå hytter og hus. Opphaldet må ikkje medføra skade eller ulempe for andre. I samband med jakt og fiske kan det etter søknad  gjevast løyve til større telt utover ei veke avgrensa til jakttida for villrein og  fiskesesongen.

Hundar: Det er bandtvang mellom 1. april og 20. august, men fleire av kommunane kan i tillegg ha utvida bandtvang i deler av områda. Hald alltid hunden under kontroll. Fuglar med reir og ungar på bakken, er svært sårbare for lause hundar.

Bål: forbod mellom 15. april og 15. september. Det er likevel lov å tenne bål der elden openbart ikkje kan spreie seg. Bruk helst eksisterande bålplassar eller ein bålbrennar.

Sopp- og bærplukking: Du kan plukke bær og sopp til eige bruk. Men du pliktar å vise omsyn til plante- og dyrelivet, og særleg i hekke- og yngletida om våren og forsommaren.

Jakt og fiske: I verneområda kan du jakte og fiske dersom du har jakt- eller fiskekort.

Kulturminne: Hustufter, murar og dyregraver er freda. La stein frå desse gamle murane liggje i fred. Vardar er gode vegvisarar – bygg ikkje nye vardar som kan leie folk på villspor.

Søppel: Hugs å rydde opp etter deg og ta med deg all søpla heim.

Klede og utstyr: Vêret i fjellet kan skifte brått. Sjølv i juli kan det skifte frå strålande sol til snø på minuttar. Ta alltid med deg ekstra klede og utstyr. Vurder vêêr og føre, din eigen, eller gruppa si kapasitet, kunnskap og erfaringar før du legg ut på tur. Å gå med ein fjellførar, kan gje tryggleik og gode opplevingar. God tur!

Les fleire råd om ferdsel her

Ungdom som fisker i fjellvann