1. Heim
  2. Råd om ferdsel

Råd om ferdsel

Med allemannsretten følgjer også ein plikt og saman kan vi ta vare på naturen! Her finn du gode råd og tips til korleis du kan få gode opplevingar samtidig som du ferdast sporlaust i fjellet.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Nasjonalparkstyret for Reinheimen

Statsforvalteren i Innlandet
Postboks 987
2604 Lillehammer

E: sfinpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Allemannsretten – rett til å vere varsam

Allemannsretten gjeld i utmarka, og med den følgjer det og eit ansvar til å ta omsyn til naturen og dyrelivet. Du kan plukke bær og sopp til eige bruk, og plukke vanlege blomster, men ikkje trua og freda artar. Opphald, ferdsel og hausting må skje på ein omsynsfull måte. Grunnregelen for alle som ferdast i naturen er at du ikkje set spor etter deg. Forlat naturen slik du gjerne vil finne den sjølv!

Les meir om allemannsretten

Foto: Kjell Stålevik
Bålbrenner.

Båltenning og søppel

Bål kan du tenne mellom 15. september og 15. april og resten av året på plassar der det det ikkje kan føre til brann. Følg med på lokale forhold. Vis omsyn når du sankar ved – ikkje skad tre, men bruk tørre kvister du finn på bakken. Bruk helst eksisterande bålplassar eller ein bålbrennar.

Det du tek med ut på tur – skal være med deg attende. Hugs å rydde opp etter deg og ta med deg all søppel heim.

Framkomstmiddel og sykkel

All motorisert ferdsel er i utgangspunktet forbode i Reinheimen nasjonalpark. Dette gjeld også elsykkel.

Sykling er også forbode i Reinheimen nasjonalpark.
Det er høve til å bruke sykkel på vegstrekningar utanfor nasjonalparken og på bomvegar i deler av landskapsvernområde.

Bilvegar

Nokre vegar som er ope for biltrafikk om sommaren, dette gjeld dei private bomvegane Slådalsvegen, Lordalsvegen, Finndalsvegen og Brøstdalsvegen. Nasjonal turistveg over Trollstigen er ope på sommaren.

Søknad om motorferdsel på nasjonalparkstyret sine sider

Foto: Kristine Sørlie
Steinbu, kulturminne

La kulturminne være i fred

Fangstgraver, fangstanlegg og bogestø som er nytta til fangst av villrein kan du sjå mange av i Reinheimen. Kulturminne som tufter og fangstgraver er freda, så la stein frå gamle murar ligge.

Vardar langs stiar skal også stå i fred. Ikkje lag nye vardar, eller bygg på eksisterande vardar.

Drone

Drone er forbode i Reinheimen nasjonalpark. Gjer deg kjend med kvar det er lov å fly drone, og kva regelverk som gjeld.
Sjå oversikt på nasjonalparkstyre si nettside.

Ta gjerne kontakt med nasjonalparkforvaltninga om du har spørsmål.

Aktuelle lenker:

Luftfarttilsynet

Safe to fly, kart med soner

Drone
Hund foran Trollveggen

Hund på tur

Hunden er velkomen med på tur. Mellom 1. april og 20. august gjeld generell bandtvang, men fleire av kommunane i Reinheimen har utvida bandtvang. Sjekk ut kva regler som gjeld i dei ulike områda.

Hald alltid hunden under kontroll. Fuglar med reir og ungar på bakken, er svært sårbare for lause hundar.

Utstyr og klede

Vêret i fjellet kan skifte brått. Sjølv i juli kan det skifte frå strålande sol til snø på minuttar. Ta alltid med deg ekstra klede og utstyr. Vurder vêr og føre, din eigen, eller gruppa si kapasitet, kunnskap og erfaringar før du legg ut på tur. Å gå med ein fjellførar, kan gje tryggleik og gode opplevingar. God tur!

Foto: Mari Melbø Rødstøl
Reinsjegere ligger på hold

Jakt, fiske og fangst

I nasjonalparken kan du jakte og fiske dersom du har jakt-/fiskekort.

Det er ikkje lov å bruke levande fisk som agn. Du må heller ikkje ta med levande fisk eller vått fiskeutstyr frå eit vassdrag til eit anna.

Fiskekort på iNatur.no

Jaktkort på iNatur.no

Fjellvandring

Reinheimen er fyrst og fremst leveområde for villrein som er svært sky og sårbar for menneskeleg forstyrring. Vi råder difor folk til å ferdes i utkanten av nasjonalparken der det er minst sjanse for å treffe på villrein. Om du skulle møte på villrein, hald god avstand og trekk deg unna flokken i motsett retning. Ta elles omsyn til alt dyr- og planteliv og praktiser sporlaus ferdsel.

Fjellsmelle

Tips til sporløs ferdsel

Ved stigstart

  • Parker på parkeringsplassar som ikkje skapar farlege trafikksituasjonar eller er til ulempe for grunneigarar og andre.
  • Les informasjonsskilt for å skaffe nytting informasjon om verneverdiane i området.

På stigen

  • Følg den merka turstigen.
  • Plukk opp søppel om du finn det på turen.
  • Om du går på høgfjellet og møter på villrein, hald god avstand og trekk deg roleg unna.
    Villreinen er sårbar, og blir forstyrra og kan flykte mange mil når den møter folk.

På do

  • Om du må på do, gå bort frå turstigen eller bort frå drikkevatn.
  • Ha gjerne med ein spade og grav eit hol som du bæsjar og legg papiret i. Om du ikkje har med spade, dekk til med stein eller mose/lyng.

Ved leirplassen

  • Bruk ein etablert leirplass eller bålplass, for å unngå slitasje på terreng og vegetasjon. Om du lagar ein ny bålplass med steinar, legg steinane på plass der du fann dei etterpå.
  • Finn tørre kvistar, helst på bakken for å bruke til bålet. Ikkje ta ved frå gamle tørre furugaddar.
  • Gamle daude særmerkte tre er med på å prege landskapet og er viktige for det biologiske mangfaldet, og skal ikkje bli skadd.
  • Det er bålforbud mellom 1. april og 15. september.
  • Pass på at det ikkje ligg att søppel etter deg før du forlèt leirplassen. Ta med deg all søppel heim.

Hausting

Du kan plukke bær, sopp og blomster til eiga bruk. Plukk slik at det veks opp att neste år, og ikkje ta med røter.

Telting / hengekøye

  • Om det er merka plassar for telting/hengekøyer, bruk desse. Du skal ikkje ligge meir enn to dagar på same stad.
  • Ikkje lag hakk i treet for å henge opp hengekøya.
  • I utmark kan ein overnatte minimum 150 m frå bustadhus/hytte og ikkje være til sjenanse for andre.

La kulturminne være i fred

Spor etter tidlegare villreinfangst, som fangstgraver, fangstanlegg, bogestø og hustufter, er freda kulturminne. La steinar frå slike gamle murar liggje i fred.
Gamle vardar langs stigar skal og stå i fred. Ikkje lag nye vardar, eller bygg på eksisterande vardar.

Husdyr på beite

  • Hald avstand til dyra, og gå rundt flokken.
  • Ikkje gå mellom dyra. Kyr kan bli pågåande og uheldige situasjonar kan oppstå.
  • Ikkje gå bort til kalvar. Kyrne kan gå til angrep på deg for å beskytte kalven.
  • Ein bør ikkje ta med hund til område med beitande dyr. Hugs bandtvang frå 1.april.
  • Ser du dyr som er skada, ta bilete av øyrelappen og meld frå til eigar.
  • Hugs å lukke grinda etter deg!

På tur med hund

  • Hugs bandtvang mellom 1. april og t.o.m. 20. august. I nokre kommuner er det utvida bandtvang, så sett deg inn i dei lokale reglane. Grunnen til bandtvang er at dyrelivet er ekstra sårbart i denne tida på året, og skal sikre at hundar ikkje skremmer opp eller jagar fugl, vilt og beitedyr.
  • Ta omsyn og fjern hundebæsjen langt unna turstigen.

Takk for at du viser omsyn! God tur!