1. Heim
  2. Besøkssenter og innfallsportar

Besøkssenter og innfallsportar

Innfallsportane i Reinheimen byr på mange opplevingar, og det er mange attraksjonar som er bygd på kultur og natur i verneområdet. Reinheimen nasjonalpark ligg mellom hovudfartsårene Rv 15 gjennom Ottadalen, Nasjonal turistveg Geiranger-Trollstigen og E136 gjennom Romsdal og Nord-Gudbrandsdalen der du også kan reise med tog på Raumabana.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Nasjonalparkstyret for Reinheimen

Statsforvalteren i Innlandet
Postboks 987
2604 Lillehammer

E: sfinpost@statsforvalteren.no

M

Meny

dummybilde

Lom nasjonalparklandsby

Lom er ein levande tettstad mellom tre nasjonalparker – Reinheimen, Breheimen og Jotunheimen.
Her finn du blant anna Norsk Fjellsenter, Bakeriet i Lom og fleire butikkar, overnatting- og spisestader.

Woman and dog hiking in Lom centre.
Norsk fjellsenter. Foto: Live Andrea Sulheim

Norsk fjellsenter i Lom

I Lom finn du Norsk Fjellsenter, som er besøkssenter for dei tre nasjonalparkane. Her finn du informasjon om nasjonalparkane, turtips og museum. I museet får du også  oppleve natur, kultur og historie frå Reinheimen og frå dei andre nasjonalparkane.

Norsk fjellsenter sin nettstad

Åndalsnes

Byen Åndalsnes ligg ved utløpet av Rauma elv og enden av Romsdalen. Med alle dei kjente fjelltoppane som omkransar byen, er Åndalsnes blitt ein svært populær toppturdestinasjon. Byen har eit levende sentrum med fleire butikkar og kafear.

Ei av opplevingane her er turen opp til Rampestreken, ein bratt, men flott sentrumstur som gjev utsikt også inn mot Reinheimen. Frå Tindesenteret går det buss inn til Vengedalen på sommarstid, som er stigstart på Romsdalseggen.

Rampestreken, utkikkspunkt
Tindesenteret på Åndalsnes.

Norsk Tindesenter

Norsk Tindesenter er eit besøkssenter og museum med utstillingar og klatresenter. Tindesenteret ligg mellom kaia og togstasjonen på Åndalsnes, og er eit fint utgangspunkt om du skal oppleve naturen her og fjella rundt. På Norsk Tindesenter får du informasjon om nasjonalparken, og om klatrehistoria i Romsdalen.

Norsk Tindesenter sin nettstad

Trollstigen og Nasjonal turistveg

På toppen av Trollstigen ligg Trollstigen utkikkspunkt og kafé. Utkikkspunktet er ein stoppestad som gjev flott utkikk ut over fjella og Isterdalen mot Åndalsnes. Her finn du informasjon om Reinheimen, og det er utgangspunkt for fleire merka turar i området.

Langs nasjonal turistveg Geiranger-Trollstigen køyrer du nord-vest for Reinheimen nasjonalpark, og ser inn i det mest alpine terrenget i nasjonalparken.

Utkikkspunkt Trollstigen
Kløvstien.

Kløvstien

I Trollstigen landskapsvernområde går Kløvstien, ein gammal ferdselsveg frå Valldal til Åndalsnes. Det er ein fin tur å følge Istra elv ved foten av mektige Bispen, Kongen og Dronninga, og gå gjennom ein fuktig skog med bregnar og mose. Du kan velje mellom å gå ein stutt runde, eller heilt til topps av Trollstigen.

Valldal

Om sommaren er det eit yrande liv i bærbygda Valldal. Frå sentrum kan du gå ein runde på den historiske pilegrimsleden, eller ta ein kopp kaffe ved fjorden og nyte fjella frå kaia. På kaikanten finn du informasjon om Reinheimen nasjonalpark og Geiranger-Herdalen verdsarvområde.

Valldal.
Tussheimbu, hytte på fjellet

Lesja

Landbruksbygda Lesja har ein lang og rik fangst- og jaktkultur. Som dei andre kommunane kring Reinheimen har dei nytta ressursane i fjellet i tusenvis av år.

Ved Lesja sentrum finn du Lesja bygdemuseum, der du kan lære meir om villreinen, Reinheimen og kulturhistoria til området. I Lesja sentrum, Bjorli og dei andre tettstadene i Lesja er det butikkar og servicebedrifter.

Utkikkspunktet Tussheim ligg ein times tur frå Lesja sentrum, og langs stigen kan du lese om Reinheimen og leveområda til villreinen.

Rånåkollen

Fjelltoppen Rånåkollen ligg midt mellom Reinheimen nasjonalpark og Dovrefjell-Sundalsfjella ved Bjorli. Det er ein merka tur opp til toppen, og der har du flott utsikt mot begge nasjonalparkane og ei dagsturhytte du kan søke inn i ved behov.

Rånåbu, hytte på fjellet.
Billingen. Foto: Kristine Sørlie.

Billingen

Billingen Seterpensjonat ligg vakkert til om lag 30 kilometer nord for Bismo i Skjåk. Pensjonatet byr på overnatting, heimelaga mat frå eigen gard, lun atmosfære og rik kulturhistorie. Med vassdraga Tora og Føysa fossande forbi, er Billingen ein naturleg inngang til Reinheimen nasjonalpark. Her er merka natur- og kultursti på 3,1 kilometer opp gjennom skogkledde fjellsider, med vidstrakt utsikt til Reinheimen og Breheimen.