Kulturminne
Reinheimen er rik på kulturminne etter den gamle villreinfangsten. Her er fangstgroper, massefangstanlegg, bogestelle og restar av gamle buplassar til fangstfolka.
I skandinavisk samanheng er Reinheimen eitt av dei viktigaste områda for kulturminne etter jakt og fangst frå jernalder og mellomalder. Spor etter jakt- og fangstkulturen er synleg ei rekke stader i fjellet, og her kan du t.d. studere fangstgroper, bogesteller og kilometer lange fangstsystem for rein. Aust i i nasjonalparken ved Slådalsvegen kan ein sjå eit av det best bevarte massefangstanlegga i verden. Her ser du restane etter gamle ledegjerder.
Funn av 11000 år gamle leirplassar med fangstkarakter og lausfunn på nokre fjelltoppar fortel at Romsdalsfjella i vest truleg var dei fremste pionerområda for reinsjakt. Dette samsvarar godt med kvartærgeologisk kunnskap om tidlege isfrie område på Nordvestlandet.
I tillegg kjem fleire falkefangaranlegg og andre fangstminne. Side om side med dei forhistoriske kulturminna finn ein jakt- og fiskebuer frå dei siste hundreåra.
Dette gjer at vi lettare kan forstå kulturminna knytt til jakt og fangst. Jakta på villrein er ein uavbroten tradisjon som har vore heldt i hevd sidan nedsmeltinga av innlandsisen for 10 000 år sidan.
I dag er reinsjakta viktig for å regulere stammen og for den lokale mat og kulturtradisjonen i bygdene rundt Reinheimen.
Funn frå forhistoriske tid
Verdas best bevarte forhistoriske skipar er funne i Reinheimen. Du kan sjå det eldgamle skiparet i utstillingane på Norsk fjellsenter i Lom. Dei er ca. 1300 år gamle. Den fyrste skia vart funne i 2014, og den andre smelta fram frå isen nokre meter unna i 2021. Det sitt att rester av bindingane på både to. Skia vart truleg nytta i samband med jakt på villrein.