Dei høgste fjella i nasjonalparken reiser seg over 2000 moh. medan det lågaste punktet ligg under Trollveggen ca. 130 m.o.h.
I sør og aust er terrenget slakt med avrunda formar, vidder og rolege flyer. Her har området stor verdi for jakt, fiske og beitebruk, og er i liten grad tilrettelagt for turistar.
I Tafjord og Romsdalsfjella, vest i nasjonalparken, er terrenget brattare, og tilrettelagt med merka turstigar og overnattingsmoglegheiter på turisthytter. I nordvest er landskapet dramatisk med Trollstigen og dei bratte Trolltindane, der Trollveggen er kjent som ein av Europas høgaste loddrette fjellvegg, 1700 meter opp frå dalbotn.
Nasjonalparken har mykje av det opphavlege fjelløkosystemet med villrein, jerv, kongeørn, jaktfalk og ryper. Reinheimen er særleg rik på kulturminne etter den gamle villreinfangsten, med fangstgroper, massefangstanlegg, bogestelle og restar av gamle buplassar til fangstfolka.
Landskapsvernområda har verdifulle kulturlandskap, med rikt artsmangfald knytt til seterdrift, slått og beitebruk.
Vern av natur er eit av dei viktigaste verktøya vi har for å ta vare på biologisk mangfald og for å bremse klimaendringane.
I Noreg er nasjonalparkar store naturområde som er verna for å ta vare på viktige naturverdiar og kulturminne, og sikre områda mot utbygging, forureining og anna aktivitet som kan skade natur- og kulturverdiane. Samtidig skal nasjonalparkane gje gode naturopplevingar for besøkande utan at det gjer skade på verneverdiane.
Nasjonalparkane i Noreg er natur i særklasse, og blir gjerne kalla indrefileten i norsk natur.
Verneområde i Reinheimen
Nasjonalparken ligg i Fjord og Rauma kommunar i Møre og Romsdal fylke, og Lesja, Lom, Skjåk og Vågå kommunar i Innlandet fylke.
Reinheimen er Noregs tredje største nasjonalpark, i tillegg høyrer 6 landskapsvernområde og 5 naturreservat til Reinheimen området.
Les meir om dei ulike verneområda på nasjonalparkstyret si nettside
Villreinen
Villrein krev store areal, og har sitt leveområde i nesten heile nasjonalparken, godt tilpassa livet i høgfjellet. Vinterstamma er på ca. 2000 dyr, og er av dei mest produktive i landet. Med intakte funksjonsområder gjennom heile året som kalvings- og oppvekstområde, sommar- og vinterbeite, er Reinheimen ein del av dei siste store villreinområda i Europa.
Villrein er sårbar for uro og menneskeleg ferdsel, særleg vinterstid og på våren i kalvingsperioda. Om du skulle møte på villrein, trekk deg unna, og hald god avstand.
Fuglar
Innafor verneområda er det registrert over 115 hekkande fugleartar. Dei rike edellauvskogsliene langs Tafjorden og Romsdalen gjev grunnlag for artar som ulike sangarar og spetta. I seterdalane er det storfugl og orre, lirype i dalsidene og fjellrype i dei høgareliggande områda. Gjel og bekkekløfter er verdifulle hekkeområde for rovfugl.
I vatn og vassdraga har mange artar av våtmarksfugl tilhald. Leirungsvatnet og Råkåvatnet er særlig verdifulle med mange artar av hekkande våtmarksfugl. Blant dei står artane bergand, havelle og svartand på den nasjonale raudlista. Også fuglelivet langs Finna-vassdraget er unikt, og har stor nasjonal verdi.
Døme på dette er fleire rovfuglar og ugler som treng god førekomst av smågnagarar, korsnebb som treng gode kongleår og rypeartane som gjerne får store kull i sesongar med lite nedbør og gunstig temperatur.
Rovfuglar
Fleire artar av rovfugl hekker i verneområdet. Dei vanlegaste er kongeørn, havørn, fjellvåk, jaktfalk, dvergfalk, tårnfalk, haukugle, jordugle. Også hubroen er ein art som kan opptre i området. Hekkesesongen er stutt og værforholda krevjande, og under desse forholda er fuglelivet utsett for menneskeleg uro. Spesielt under hekketida må du vise omsyn når du ferdast på tur.
Kongeørn og fjellvåk
Kongeørn er vår største rovfugl etter havørn. Den kan ha eit vengespenn på 180-234 cm, og er ofte lett å sjå på himmelen sjølv om den flyr fleire hundre meter over bakken.
Den blir ofte forveksla med fjellvåken, som også held til i Reinheimen.
Fjellvåken er mindre, og har lysare fjærdrakt enn kongeørna. Den har ein karakteristisk mørk flekk på kvar vingeknoke når den flyg med utspente vingar.
Fuglar i våtmarksområda
I dei svært verdifulle våtmarksmiljøa i nasjonalparken hekkar sårbare våtmarksfuglar som fjellerke, fjereplytt, sandlo og havelle.
Rype og skogsfugl
Store delar av nasjonalparken er gode produksjonsområde for rype. Fjellrypa er knytt til dei høgastliggjande områda, medan lirypa har leveområda sine i bjørkeskogbeltet i lågareliggjande område. I seterdalane er det bestandar av storfugl og orrfugl.
Fuglar i kulturlandskapet
I kulturlandskapet er ein stor del av terrenget ope med naturbeitemark, myr- og områdar med vier. Karakteristiske artar her er sivspurv, heipiplerke, gulerle og heilo. I områder som t.d Finndalen med våtmarksområde, småtjern, myr og vierkratt er det eit rikt og interessant fugleliv, med artar som krikkand, toppand, rødstilk og svømmesnipe.
Dyreliv
Reinheimen nasjonalpark er eit høgfjellsområde med eit eigenarta og variert biologisk mangfald. Villreinen er ein nøkkelart som utnyttar vegetasjonsdekket og er byttedyr for jerv og kongeørn, som også er åtseletarar. Saman med fjellrev, smågnagarar og fuglar, spelar dei ei viktig rolle med å oppretthalde økosystemet i balanse.
Jerven
I Reinheimen og i tilhøyrande landskapsvernområde har vi yngling av jerv, som er eit av dei fire store rovdyra vi har i Noreg. Farga og den kraftige kroppsbygning gjer at den kan likne ein liten bjørn, men den tilhøyrar mårfamilien. Kroppen er smidig, og dyret beveger seg lett omkring i bratte dalsider og gjennom tronge opningar i steinurer.
Jerven kan bli cirka ein meter lang, frå snute til halerot, og hannen kan vege opptil 18 kg, hunnen cirka 10 kg. Den er svært solid bygd og sterk etter størrelsen. Bittet er kraftig, slik at den kan spise frosse kjøtt og knuse knoklar frå store dyr for å få tak i beinmargen. Jerven kan dra med seg eit bytte flere ganger større enn den sjølv og byttet vinterlagrar dei ofte i steinurer. Jerven er ein del av det intakte fjelløkosystemet og bidreg med å ta ut svake individ i blant anna reinstamma. Den er og med på å skape problem for sauebønder i området då den tek sau på beite.
Fjellrev
Til tross for fredning i meir enn 85 år har fjellrevbestanden i Noreg inntil nyleg vært i tilbakegang. Delbestandar har dødd ut og store høgfjellsområde har lenge vært utan ynglende fjellrev
I 2004 vart det satt i gang eit vellykka avlsprogram med utsetting av fjellrevvalper og sidan 2016 har det i fleire år vært påvist yngling av fjellrev i Reinheimen.
Fjellreven er eit lite rovdyr, omtrent halvparten så stor som rødreven. Kroppen er liten og kompakt, med tykk pels, korte bein og små, avrunda ører. Den veg sjelden meir enn 3–4 kilo. Fjellreven finnes i to ulike fargevariantar, ein kvit og ein blå. Kvitreven er heilt kvit vinterstid. Om sommeren skifter den til brunt, med gulkvite partier på undersida av kroppen. Blåreven er einsfarga brun om sommaren, og mørk stålblå vinterstid. Farga er arveleg, og det kan være både blå og kvite revar i samme valpekull.
At fjellreven er spesialtilpassa arktisk klima og kalde forhold vises tydeleg på kroppsfasongen. I eit slikt miljø er det ein fordel å ha korte bein og en butt kropp. Det gjer at kroppens overflate blir minst mogleg i forhald til vekt og volum. På det viset begrensas varmetapet. Vinterpelsen har den høgaste isolasjonsevnen målt hos nokon pattedyr.
Sidan den svensk-norske bestanden befinn seg i ytterkanten av fjellrevens utbredelsesområde er fjellreven her meir utsatt for klima- og miljøendringar enn fjellrev som lev innanfor artens hovudutbredelse på tundraen og i Arktis.
Rødreven er større og ikkje like tilpassa eit ekstremt vintermiljø som fjellreven, men med både eit varmare klima og endra menneskeleg bruk og utbygging i høgfjellet har dette gitt rødreven tilgang til meir stabile matressurser i fjellrevens område. Som ein følge av dette har fjellreven blitt pressa opp i meir marginale fjellområde, mens rødreven har tatt over dei produktive, lavereliggende fjellområda.
I Noreg er det forbode å forstyrre, skade eller ødelegge fjellrevhi. Hald deg på god avstand om du skulle være så heldig å sjå ein fjellrev på tur.
Kulturlandskap
Folket i bygdene kring Reinheimen er nær knytt til fjellet.
Landbruket med beitedyr og seterbruk gir grunnlag for biologisk mangfald og spesielt artsrike enger. Kulturlandskapa som er knytt til gards- og seterområda er også viktige for forståinga av det historiske landskapet for gards- og seterdrift i tidlegare tider. Eit endra landbruk gjer at det er færre setre i aktiv drift, og gamle slåttenger har blitt ein truga naturtype.
Sjølv om den aktive seterdrifta med mjølkeproduksjon er sterkt redusert , er beiteressursane i seterområda og i fjellet framleis viktig for sau og storfe . I dag er det omlag 20 000 beitedyr som blir sleppt på beite sommarstid i landskapsvernområda og i nasjonalparken. Av den grunn må du vise omsyn om du møter på beitedyr i området.
Landskap og geologi
Landskapet i Reinheimen har store kontrastar. I vest finn du eit dramatisk landskap med kvasse tindar og egger, botnar, urer og strie elver. Går du fram på Bruraskaret mot Romsdalen, er det kring 1000 meter fritt fall ned Trollveggen. For mellom 900 og 1900 millioner år siden ble de første delene av Reinheimen til. Sedimentære og magmatiske bergarter ble foldet og omdannet til gneiser. Sent i denne perioden trengte granitter inn i gneisene. Sammen danner disse omdannede bergartene det prekambriske grunnfjell.
Austover vert terrenget slakare med vidder og rolege flyer. Dalane er breiare og elvene flyt stillare. Terrengforskjellane skuldast ulik berggrunn, klima og landheving i dei ulike delane av Reinheimen. Det meste av området er dominert av lyse og næringsfattige gneisar.
I aust kjem ein inn i yngre, næringsrike bergartar som fylitt og glimmerskifer. I vest har landet heva seg meir etter istida. Dette, saman med meir nedbør, har gjort at elvene har fått større fall og meir kraft til å grave seg ned i terrenget. I Romsdalen landskapsvernområde er landskapsbiletet prega av rasmark og store kampesteinar ligg i botn av dalen og minne om enorme naturkrefter i form av ras. Den ustabile fjellformasjonen Mannen har vore overvaka i fleire år. Hausten 2019 rasa «Veslemannen», ein del av fjellformasjonen, ut og ned i Romsdalen.
Vassdrag
Reinheimen er kjelda for fleire verdfulle vassdrag. Istra, Rauma, Lora, Finna/Skjerva, Valldøla og Tora/Føysa kjem frå dette fjellområdet. Dei utgjer eit unikt tilfang til norsk vassdragsnatur.
Forvaltning
Nasjonalparkstyret for Reinheimen har eige nettstad.