1. Heim
  2. Villrein

Villrein

Noreg er det einaste landet i Europa der den opphavlege villreinen framleis har sine leveområde. Reinheimen nasjonalpark ber namnet sitt med rette da dette er villreinen sitt leveområde - og grunnlaget for vern av området. Globalt og nasjonalt er villrein sett på lista over trua arter. Naturinngrep og menneskelege ferdsel og uro er av dei største trugsmåla mot den sårbare villreinen.

Lær meir om villrein på villrein.no .
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Nasjonalparkstyret for Reinheimen

Statsforvalteren i Innlandet
Postboks 987
2604 Lillehammer

E: sfinpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Stamma i Reinheimen

Villrein har sitt leveområde i heile nasjonalparken, godt tilpassa livet i høgfjellet. Vinterstamma er på ca. 2000 dyr, og er av dei mest produktive i landet. Med intakte funksjonsområder gjennom heile året som kalvingsområder, sommar- og vinterbeite, er Reinheimen ein del av dei siste store villreinområda i Europa.

Villreinen krev store areal, og det marginale og ustabile livsgrunnlaget i fjellet gjer at villreinen vandrar mellom vår-, sommar- og vinterbeite for å skaffe seg den mest tilgjengelege og næringsrike føda.

Person som kikrer i fjellet
Reinsflokk

Møte med villrein

Villrein er sårbar for uro og menneskeleg ferdsel, særleg vinterstid og på våren i kalvingsperioda. Villrein har fenomenal luktesans, og kan lukte oss på fleire kilometers avstand og spring like langt unna om den blir forstyrra.

Om du skulle møte på villrein, trekk deg unna, og hald god avstand. Respekter bandtvang, og hald alltid hunden under kontroll.

Klauv og nase for føde

Rein er godt tilpassa eit tøft liv i høgfjellet. Reinen er det einaste dyret som kan gjere nytte av næringsfattige vekstar som lav. Om sommaren beitar den gjerne på grøne vekstar, og om hausten et reinen sopp. Den kan lukte lav under eit snølag på over ein halv meter.
 

Lav
To reinsbukker

Tilpassa kulde

Pelsen til villrein er svært tett, og har tre gonger så mykje dekkhår som andre hjortearter. I tillegg har den eit lag med ullhår, og eit isolerande feittlag under huda. Pelsen er «på topp» under brunsten, glansfull og kraftig.
Håra i pelsen er hole og fylt av luft. Det gir ekstra varme om vinteren, og hjelp reinen til å flyte betre om den må svømme om sommaren.

Geviret

Reinen er det einaste hjortedyr der båe kjønn har gevir. Til og med kalvane får gevir i sitt fyrste leveår.

Kva funksjon har geviret? Det er både tungt og kan verke litt upraktisk. Åtferdsstudiar syner at geviret bidreg til å halde i hevd ein sosial struktur i flokken. Det vert nytta når dyra konkurrerer om mat, kvileplass og makar. Når hjortedyr mister geviret, tapar dei sin sosiale status. For bukkane er geviret på topp i brunsten, og dei største og sterkaste bukkane kan vinne kampen om simlene. I brunsten lagar bukkane høge, støytande lydar, og særleg når dei slåst. Da kan ein og høyre gevira som slår saman på lang avstand. Bukkane mistar gevira og statusen sin etter brunsten. Simlene og kalvane beheld geviret utover vinteren, og kan jage bukkane vekk for å få tilgang på dei beste beita. Utvikling av gevir hos simler er truleg ei tilpassing til hard konkurranse om dei beste beiteområda under svangerskapet.

Reinsbukker sloss
Tamrein, Skjåk

Historie

Spor etter fangst, og funn av reiskap laga av villrein syner at det har vore villrein i Reinheimen langt attende i tid. I nasjonalparken er det registrert fangstgroper mura av stein og stokkar, bogestø for jegerar, og massefangstanlegg med ledegjerde som Verket på Slådalen. Etter innlandsisen smelta for 10 000 år sidan, trakk fangstfolket etter reinen når den vandra inn i fjellområda i Norge.

Frå 1840 og fram til 1964 var det tamreindrift i området. I 1964 vart det dåverande Trio tamreinlag lagt ned, og villreinområde vart etablert. Det har også vorte sett ut tamrein i Trollstigområdet, først i 1958 og siste gong i 1999.

Kultur og jakttradisjon

Villrein har sitt leveområde i heile nasjonalparken, godt tilpassa livet i høgfjellet. Vinterstamma er på ca. 2000 dyr, og er av dei mest produktive i landet. Med intakte funksjonsområder gjennom heile året som kalvingsområder, sommar- og vinterbeite, er Reinheimen ein del av dei siste store villreinområda i Europa.

Villreinen krev store areal, og det marginale og ustabile livsgrunnlaget i fjellet gjer at villreinen vandrar mellom vår-, sommar- og vinterbeite for å skaffe seg den mest tilgjengelege og næringsrike føda.

Meir informasjon om villrenforvaltninga finn du på villrein.no

Personer på reinsjakt
Slakt av rein

Menneskeleg påverknad

Gjennom mange tusen år har vi vore avhengig av villrein for å overleve. I dag er rein avhengig av våre val og vår inngripen i leveområda deira.

Villrein er spesielt sårbar for menneskeleg aktivitet, både ferdsel og infrastruktur. Vis omsyn når du går i fjellet, både til villrein og anna dyreliv.